Har prøvd meg på dette bloggreiene ved tidlegare høve med vell, litt blanda hell. Eg vurderte sterkt å fortsette på den forrige bloggen min, men kom fort fram til at eg treng blanke ark og fargestiftar til. Så velkomen til den nye bloggen min :)
Eg er ikkje sikker på om eg har noko interessant å kome med, men har bestemt meg for å gje det ein sjanse og så ser me kva som skjer. Eg reknar med at eg har såpass sjølvinnsikt at dersom det er eit håplaust prosjekt legg eg det på is.
Legg linken til den forrige bloggen min med eg, så kan det snike innom om det måtte vere av interesse.
http://rebeccachristinariise.blogspot.com/
Eg har beslutta å droppe dialekten og skrive på nynorsk på denne bloggen, så kan kanskje litt fleire forstå seg på kva eg meiner.
Vi lesast ! (forhåpentlegvis)
mandag 22. juni 2009
Abonner på:
Innlegg (Atom)
