torsdag 14. april 2011

Solgt

Eg har selt leiligheita mi. Gjekk litt i pluss til og med.Fekk ikkje i nærleiken så mykje som ho som selde ei akkurat lik leiligheit under meg ein månad før, men eg er nøgd. Trudde eg kom til å verte lei meg, og kanskje litt vemodig når leiligheita vart selde, men eg kjenner ingenting anna enn glede. Godt å vere kvitt skiten liksom...Ikkje det at den er skit, men for min del har den alltid vore ein stoppestad på veg til der eg er no. På Sunnmøre med min kjære i ei leiligheit som også er ein stoppestad. Viss eg verkar storforlangande no, så er det nok fordi eg er det :P Livet er fult av stoppestadar. Leiligheita mi i Bergen var eg er singel og uansvarleg og har berre meg sjøl å ta hennsyn til stoppestaden, leiligheita her i rystefeltet er eg og Kristian blir vande med å vere sambuarar stoppestaden og så får me sjå kvar det blir etter her. Uansett. Viste det at du må signere 374 ulike ting når du sel leiligheit...Eg kunne (eller ville ikkje) reise på signeringsmøte i Bergen ettersom at eg om uansett må nedover om 2 veker for å levere frå meg leiligheita. Dermed fekk eg det tyngste brevet i historien i posten i går. Brukte ein halv dag på å fylle ut å signere alt eg skulle, brukte resten av dagen og ein heil korrekturlack til å rette feil å signere på nytt. Opp med handa dei som trur at eg får eit nytt brev om nokre dagar! PS: i morgon er det påskeferie!!! jabbadabbadoooo!

søndag 3. april 2011

Innflytta

Fredag den 1.april flytta eg inn i Sidekroken 2 til Kristian og resten av livet. Kristian er på sjøen, så me har ikkje fått oppleve sambuarlivet enno, men på onsdag kjem han og då er me i gong! :) Men når eg seier at eg har flytta inn er det ei sanning med modifikasjonar. At eg har flytta inn er sant, men tinga mine derimot...Før Kristian reiste fekk me frakta det meste til Volda, og kasta det inn for døra. Det er no flytta inn på gjesterom, bod og gang og ligg veldig godt i kassene sine. Eg kom med siste lass på fredag. I dag er det søndag, og eg har framleis fått fingen ut og fått inn skiten. Skal snart, må berre......Det er rart med det. Etter eg kom att har eg rukke middag med gamlingane, fest med jentene, balljefest på bedehuset( ballj= raspeballer=komle=kompe), shopping, pizzakveld, sett nyehuset til lene og film. I dag er det sundag og pajeroen er framleis full med flyttelasset mitt. I dag skal eg bere det inn, etter at eg har....

søndag 27. mars 2011

Bursdag/avskjedsfest

No er det berre 5 dagar til 1.april og hasta lavista Bergen! Eg flyttar heim til kjærasten min, familien min og bygda mi og eg gledar meg verkeleg mykje :) Eg kjenner meg veldi klar og heldig. Ein epoke er over og ein ny byrjar. I går kveld avslutta eg Bergensepoken min med eit brak. Bursdag/avskjedsfest med 25 vener! Joachim og Marthe var så greie at dei lånte meg kåken sin, og eg var så heldig at 25 vener ville kome å feire at eg reiser heim. Det har i løpet av snart 8 år i Bergen samla seg opp ein del vener og sjølv om det er trist å reise frå dei, så er eg sikker på at dei kjem til vere venane mine vidare. Festen vart værtfall ein kjempesuksess, for min del værtfall, kor kjekt andre hadde det må dei nesten uttale seg om sjølv. Me dansa værtfall til ut på tidleg morgonkvist :) Eg veit ikkje om eg tørr for er her det ymse, men her er spelelista som eg vil påstå gjorde stor suksess. Det har vorte mykje snakk om kor rørte og emosjonell eg er i denne bloggen, men eg er emosjonell. Eg følte meg så sett pris på og elska og eg så glad og takknemmeleg for alle gode venene mine som er er så heldig å ha i livet mitt... Its not goodbye its au revoir!

onsdag 16. mars 2011

Landsmøte i Senterpartiet

Det er vår, det er valår og det er landsmøtetid i Senterpartiet!Dette er ikkje ein politisk blogg, men akkurat dette må eg skryte av. Landsmøte i Senterpartiet er alle Senterpartistars våte draum, journalistars favoritt reisemål(nok mest på grunn av våre heidundrande festa) og det alle viktigaste møte me har i partiet. Anna kvart år samlast 200 Senterpartistar og utformar viktig politikk som ikkje berre har mykje å sei for oss i partiet, men for heile landet.

For min del starta møte ein dag før med koseli besøk i Skjælstadmarka med Siv, saman med Nils og Sandra. Siv elska å skryte ta at det e Norges største Senterpartistyrte kommune, å trivelig e her værtfall!

Gledar meg til det byrjar!!

Viss du vil følge me på landsmøte på så har eg nokre linkar:

www.senterpartiet.no/hordaland

@HordalandSp på Twitter

www.spsandra.blogg.no

tirsdag 22. februar 2011

Har eit problem

Kjærasten min er samlar.Han elskar å kjøpe ting som ikkje er nyttige på nokon som hels slags måte. Brynje, indianarfjøyr, sabel med bilder frå Geiranger og radio forma som ei heiniken ølboks er nokre få av veldig mange dømer på ting han har samla opp. I tillegg ventar han på at dvd-teknologien skal svikte, og må difor behalde alle 237 vhs-filmane sine.

Eg har ikkje så mykje slikt, men eg likar ikkje kaste ting. For tenk vist eg ein eller annan gong, om veldi lenge kjem til å trenge det. Skal vedde på at om eg kastar ein dei 70 toppane eg har liggande og ikkje brukar, kjem det til å vere nett den ej absolutt skulle hatt ein gong i framtida.

Kristian sin leiligheit er 70 kvadrat og full. Leiligheita mi er 26 kvadrat og er full nok med ting til å fylle ei 70 kvadrats leiligheit.

Vi berre må bygge hus vi :P

Ps: Eg er veld glad i kjærasten min!

søndag 20. februar 2011

Siste fylkesårsmøte

Har gått ei stund sida eg blogga sist no. Det har ikkje noko med alle dei stygge kommentarane eg får i kommentarfeltet, for eg har vell strengt talt ikkje fått så mange verken snilde eller stygge(hinthint!). Eg myste heller ikkje motivasjonen av at eg ikkje var ein av dei nominerte under BloggAwards. Eg har rett og slett hatt det for travelt. I tillegg til at eg har byrja med nedpakkinga av leiligheita har me hatt fylkesårsmøte i Hordaland Senterparti. Og det inneber MYKJE stress for en rotekopp som meg. Men det gjekk jammen bra i år og. Me hadde eit godt møte med gode politiske debattar, samt ein kjempe middag etterfulgt av strålande fest som nok kunne vore avslutta eit par timar tidlegare for min del, men som absolutt var verdt kvar ei skjelving på laurdagen :)


Møte vart avslutta med at fylkesleiar Steinulf takka meg av. Eg viste det kom til å gå gale i den augneblinken eg forsto kva hans skulle til med. Eg hadde ikkje kome opp på scena før tårene rann (og eg sat på fremste rad). Då han var ferdig å snakke å det var min tur hadde tårene gått over til høglytt hulking og tårer og snørr i fin miks. 130 mennesker i salen og eg i totalt samanbrot! Men eg fekk hulka fram nokre små ord om kor mykje eg har sett pris på dei og kor mykje eg kjem til å savne dei. For det gjer eg og det kjem eg til å gjere. Det er vanskeleg å hugse kvifor eg skal slutte i slike situasjonar. Heldigvis tok dei det med godt humør, og sjølv om eg ikkje framsto på mitt beste nett der og då, fekk eg ståande applaus.



For ein fin gjeng! Heia Hordaland Senterparti!




onsdag 2. februar 2011

Huskatalogar


Vell, sidan eg valgde mann ut i frå hustomta ( eg spøkar værtfall om det) , kan eg ikkje lyge frå meg at eg ikkje har byrja å drøyme om å bygge hus no når eg skal flytte heim for å verte vaksen. Å ja, eg måtte legge ut eit skrytebilete :)
Eg har bestilt ein haug med huskatalogar og kosar meg gløgg i hel me å sjå og drøyme.
Værtfall, huskatalogane er bestilde frå ulike husfirma eller kva det no heiter, og dei kom omtrent dagen etter eg hadde bestilt dei , noko som eg syns var ein svært så hyggeleg overraskelse. Det eg ikkje syns var ein like hyggelig overraskelse er at dersom du bestiller ein slik katalog får du oppfølgingstelefonar. Maaaange oppfølgingstelefonar!
I fleire veker no har eg brukt: Veit du kva, eg er på veg til eit møte og kan ikkje snakke akkurat no. Desverre var eg litt distrahert i dag når ein av dei ringde, og vi var komne langt ut i samtalen før eg innsåg kva mannen ville. Han ville vite kor langt eg og sambuaren min hadde kome i planane med nytt hus! Så måtte eg berre fortelle han det då, at vi har kome så langt at vi er eigentleg ikkje sambuarar, eg har bestilt huskatalogane på eigenhand og eg drøymer om eit fint hus med plass til eit kjempestort spisebord med plass til mange gjestar. Men kjærasten min har tomt altså! Hadde eg berre stoppa der. Før vi la på hadde eg fortalt kva eg jobbar som, kva Kristian jobbar som, kor mykje Kristian tenar, kor mykje eg tenar, at eg snart er arbeidslaus osv osv!
Han skal ringe meg oppatt i slutten av februar. Eg har ein misstanke om at han då ringer mest for å høyre om eg har fått meg jobb og om det går bra med den sjuke bestemora mi.

mandag 31. januar 2011

Emosjonell

Vakna i dagtidleg av vekkarklokka, men det var berre så vidt. Trøtt, trøttare, trøttast! Og eg veit kvifor. Eg er ikkje så ung som eg ein gong var.



Søndagsmorgon kom eg tassande heim i 7-tida utan stemme og gongsperre i heile kroppen, etter eit fantastisk julebord med vennar. Nydeleg kalkun, noko godt i koppen, høg allsongfaktor og jenka saman med gjengen er nokre få stikkord, og oppskrifta på ein perfekt kveld :)



På veg til jobb idag var det derimot ikkje så perfekt. Plutseleg meg full styrke slo det meg at om 2 månedar skal eg flytte frå gjengen som eg er så glad i, vennane mine, svigerinna mi og broren min vert att i Bergen når eg flyttar heim. Så gråt eg ein liten skvett der og då, på veg til jobb blandt fult av andre på veg til jobb. På jobb gråt eg ein liten skvett til. Stakkars Fredrik som jobbar saman med meg. Hehe....



Men det er godt å vere lei seg fordi ein har venner en er så glad i at ein ikkje vil reise frå dei :)



Dei har berre med å kome å besøke meg!

onsdag 26. januar 2011

Kjærleikssorg

Veit eg allereie har blogga i dag, og at eg ikkje har vore toppsjef (sjølv om eg til tider føler meg som det : ) ),men likevel så syns eg at dette innlegget var litt treffande.

Eg har vore veldi dedikert, og er veldi dedikert. Kanskje litt for mykje. Vart nokre tårer då eg skulle sende ut e-post til alle dei flotte folka eg har hatt med å gjere, og endå fleire blir det nok når eg reiser på ordentleg.

http://e24.no/jobb/article4007021.ece

Leiligheit


Eg har bestemt meg for å selje leiligheita mi. Etter 3 og eit halv år i mine 26 fantastiske kvadrat, skal dei no verte nokon andre sine.

Eg lurte på om eg skulle leige den ut. Hadde i grunnen bestemt meg for å leige den ut, så bestemte eg meg for å selge den, for så å bestemme meg for å leige den ut igjen. Men no har eg verkeleg bestemt meg for å selle den.

Det er det 2 grunnar til :

1: Mora mi sa noko lurt

"Det er noko med å gjere livet sitt so enkelt som mogleg vennen min!".
Tanken på kor deilig det vert å ikkje måtte tenke på leigebuarane i Bergen som raserer leiligheita mi, vart rett og slett for fristande

2: Leiligheita under meg vart nettopp selt til rekordpris i huset
Den siste treng vell ikkje forklaring.

Poenget er værtfall at dette er rett tidspunkt både for meg og husmarknaden til å selje.

Opp med handa dei som vil kjøpe 26 fantastiske kvadrat på Danmarksplass!


fredag 21. januar 2011

Heime

Min kjære bror Joachim vert 30 den 10. februar. (Noko som betyr at eg held på å verte gammale, ettersom at eg berre er to år yngre enn han, men det er IKKJE det dette innlegget handlar om). Joachim er ikkje heime på bursdagen sin, så me skal feire det denne helga her. Stor overrsakelsesfest med så mange vener me har klart å skrape i hop.



Festen skal vere i Volda, noko eg er glad for ettersom at eg reiser heim så ofte eg kan. Og denne gongen vart det ekstra spesielt, ettersom at det er fyrste gongen eg er heime etter at eg sa opp jobben. Vanlegvis når eg er heime bur eg med mamma og pappa når Kristian ikkje er heime, men ikkje denne gongen. Ettersom at eg snart skal flytte hit likevel, kan eg like gjerne verte vand med å bu her.



Eg lurer på kor lang tid det kjem til å ta før eg kjem til å kjenne meg heime her? Sånn bortsett frå at soverom, gang og gjesterommet er pussa opp, stua er ombøblert og kjøkkenet har fått nye flisar og eg har fått meg eige skap både på soverom og badet er det framleis Kristian si leiligheit.

Værtfall syns eg det, men det spørs litt om det er det Kristian føler :P





Men eg trur at når badet er pussa opp....



Uansett, så gledar eg meg som en unge til at me skal bu i lag!


Ps: Dette innlegget var skrive på fredag, men då kunne ikkje eg legge det ut ettersom at Joachim ikkje kunne vite at eg var heime før festen var avvikla. Det vart ein veldi kjekk fest forresten :)

torsdag 20. januar 2011

Endå ett nytt forsøk

Vell, kanskje har eg gjeve meg sjølv for mange sjansar til å vere bloggar, men eg gir det eit forsøk til. Grunnen til at eg har bestemt meg for dette er at det er store endringar på gang i mitt hektiske og rotete liv. Eg har nemmeleg sagt opp jobben min som fylkssekretær i Hordaland Senterparti, og vender no nasen heim til vakre Sunnmøre. Etter 8 år med utdanning å jobbing i storbyen Bergen, skal eg altså tilbake til heimbygda. Som den trufaste Senterpartisten eg er, set eg no politikken vår ut i praksis å reiser heim. Det er så vakkert!

Dette vert altså frå no av ein: Eg flyttar frå storbyen og heim til bygda etter 8 år og flyttar saman med ein ungkar på 33 som har budd alt for lenge aleine, og søker ny jobb blogg.

Dette er spennande! Det er trist og det er godt!

Eg held no på med oppseiingstida mi på 3 månedar. 1. april er datoen og eg gler meg!

Sånn, då er eg i gong at...så tek me det frå der : -)