Har gått ei stund sida eg blogga sist no. Det har ikkje noko med alle dei stygge kommentarane eg får i kommentarfeltet, for eg har vell strengt talt ikkje fått så mange verken snilde eller stygge(hinthint!). Eg myste heller ikkje motivasjonen av at eg ikkje var ein av dei nominerte under BloggAwards. Eg har rett og slett hatt det for travelt. I tillegg til at eg har byrja med nedpakkinga av leiligheita har me hatt fylkesårsmøte i Hordaland Senterparti. Og det inneber MYKJE stress for en rotekopp som meg. Men det gjekk jammen bra i år og. Me hadde eit godt møte med gode politiske debattar, samt ein kjempe middag etterfulgt av strålande fest som nok kunne vore avslutta eit par timar tidlegare for min del, men som absolutt var verdt kvar ei skjelving på laurdagen :)
Møte vart avslutta med at fylkesleiar Steinulf takka meg av. Eg viste det kom til å gå gale i den augneblinken eg forsto kva hans skulle til med. Eg hadde ikkje kome opp på scena før tårene rann (og eg sat på fremste rad). Då han var ferdig å snakke å det var min tur hadde tårene gått over til høglytt hulking og tårer og snørr i fin miks. 130 mennesker i salen og eg i totalt samanbrot! Men eg fekk hulka fram nokre små ord om kor mykje eg har sett pris på dei og kor mykje eg kjem til å savne dei. For det gjer eg og det kjem eg til å gjere. Det er vanskeleg å hugse kvifor eg skal slutte i slike situasjonar. Heldigvis tok dei det med godt humør, og sj
ølv om eg ikkje framsto på mitt beste nett der og då, fekk eg ståande applaus.
For ein fin gjeng! Heia Hordaland Senterparti!

Du har gjort ein fantastisk jobb, Rebecca :-) Dei er heldige dei som får deg som ansatt og kollega når du flyttar heim! Klem frå din gamle kollega ;-)
SvarSlett