
Vell, sidan eg valgde mann ut i frå hustomta ( eg spøkar værtfall om det) , kan eg ikkje lyge frå meg at eg ikkje har byrja å drøyme om å bygge hus no når eg skal flytte heim for å verte vaksen. Å ja, eg måtte legge ut eit skrytebilete :)
Eg har bestilt ein haug med huskatalogar og kosar meg gløgg i hel me å sjå og drøyme.
Værtfall, huskatalogane er bestilde frå ulike husfirma eller kva det no heiter, og dei kom omtrent dagen etter eg hadde bestilt dei , noko som eg syns var ein svært så hyggeleg overraskelse. Det eg ikkje syns var ein like hyggelig overraskelse er at dersom du bestiller ein slik katalog får du oppfølgingstelefonar. Maaaange oppfølgingstelefonar!
I fleire veker no har eg brukt: Veit du kva, eg er på veg til eit møte og kan ikkje snakke akkurat no. Desverre var eg litt distrahert i dag når ein av dei ringde, og vi var komne langt ut i samtalen før eg innsåg kva mannen ville. Han ville vite kor langt eg og sambuaren min hadde kome i planane med nytt hus! Så måtte eg berre fortelle han det då, at vi har kome så langt at vi er eigentleg ikkje sambuarar, eg har bestilt huskatalogane på eigenhand og eg drøymer om eit fint hus med plass til eit kjempestort spisebord med plass til mange gjestar. Men kjærasten min har tomt altså! Hadde eg berre stoppa der. Før vi la på hadde eg fortalt kva eg jobbar som, kva Kristian jobbar som, kor mykje Kristian tenar, kor mykje eg tenar, at eg snart er arbeidslaus osv osv!
Han skal ringe meg oppatt i slutten av februar. Eg har ein misstanke om at han då ringer mest for å høyre om eg har fått meg jobb og om det går bra med den sjuke bestemora mi.

Du er søtast!! <3
SvarSlettOg eg håper det blir hus på deg. Med gjesterom ;)