søndag 13. desember 2009

Ønskelistå

Tenk at det er jul igjen...Eg kan ikkje fatte kvar dette året har forsvunne! Eller altså, når eg tenker meg nøye om, så har det vell forsvunne i minst 20 helger med sentralstyret i Senterungdommen, ein ny jobb som er tidskrevjande og x-antall fuktige aftener me gjengen. Kvile kan eg gjere når eg er dau, sei no berre eg.

Eg har laga meg ei ønskeliste (sjølvsagt på oppmoding frå andre enn meg sjølv), og her kjem den i uprioritert rekkefølge.

  • Handmixar
  • Fella (sånne so eg kan bruke på dei alt for dyre, men veldi fine rosa skina mine)
  • Heimekinoannlegg
  • The wire (frå fyrste sesong å utover)
  • Akutten ( frå dyrste sesong å utover)(veldi cheeesy, eg veit det :)
  • Panserhjerte
  • Dinna nye Dan Brown (huskakje nemne i farta)
  • Speilreflekskamera
  • Engelsk Bulldog
  • Dilldall
  • Avgiftsfri biodiesel
  • Norge ut av EØS
  • Dvda sånn generelt

No kom eg ikkje på fleire ting, men eg får heller oppdatere om eg kjem på noko meir.

No skal eg på Ikea...lesast!!

søndag 27. september 2009

Eit val sidan sist....

Vell, eg skulle starte med blanke ark og ein heilt ny blogg. No er det 3 månedar og ein heil valkamp sidan og eg har ikkje blogga ein einaste gong.Eg gir meg sjølv ein ny sjangse og byrjar med å oppsummere valkampen. Ein valkamp som gjekk fortare enn ein røyk. Ein vellykka valkamp. Senterpartiet i Hordaland fekk 14768 stemmer og 5,5%, det vil sei ein oppgang på 0,5% og 1500 fleire som stemmer Sp i Hordaland. Eg kjenner meg nøgd, eg er glad og eg er sliten.

Valkamp er slitsomt. Fryyyktelig slitsomt, men ufatteli gøy!

Eg var heilt sikker på at me skulle få sendt ho (les Kjersti Toppe, 42 år, lege, 6-barnsmor og Bergenspolitikkar) på Tinget. Heilt fram til nokre få dagar før valdagen. Då vart eg nærvøs. Frykteleg nervøs. Som i at eg tenkte med meg sjølv at dersom ho ikkje kjem på tinget går eg og legg meg og blir der for godt. Eg slapp heldigvis å ligge på meg liggesår.


Valkamp er rørande. Eg har aldri vore så emosjonell før, som det eg har vore under valkampen. Eg grein av kattungar på tv, eg grein av gode lesarinnlegg, eg grein av skryt av Kjersti, eg grein av skryt av meg, eg grein av at familien min er kjekk, eg grein av senterpartistar på stand og eg kunne ramsa opp i det vide og det breie, men eg trur eg sluttar der...Eg grin framleis...kjem eg nokon gong til å verte normal att?

Men kjekt var det...Gledar meg allereie til neste gong.

mandag 22. juni 2009

Eit nytt forsøk

Har prøvd meg på dette bloggreiene ved tidlegare høve med vell, litt blanda hell. Eg vurderte sterkt å fortsette på den forrige bloggen min, men kom fort fram til at eg treng blanke ark og fargestiftar til. Så velkomen til den nye bloggen min :)

Eg er ikkje sikker på om eg har noko interessant å kome med, men har bestemt meg for å gje det ein sjanse og så ser me kva som skjer. Eg reknar med at eg har såpass sjølvinnsikt at dersom det er eit håplaust prosjekt legg eg det på is.

Legg linken til den forrige bloggen min med eg, så kan det snike innom om det måtte vere av interesse.

http://rebeccachristinariise.blogspot.com/

Eg har beslutta å droppe dialekten og skrive på nynorsk på denne bloggen, så kan kanskje litt fleire forstå seg på kva eg meiner.

Vi lesast ! (forhåpentlegvis)