Vell, eg skulle starte med blanke ark og ein heilt ny blogg. No er det 3 månedar og ein heil valkamp sidan og eg har ikkje blogga ein einaste gong.Eg gir meg sjølv ein ny sjangse og byrjar med å oppsummere valkampen. Ein valkamp som gjekk fortare enn ein røyk. Ein vellykka valkamp. Senterpartiet i Hordaland fekk 14768 stemmer og 5,5%, det vil sei ein oppgang på 0,5% og 1500 fleire som stemmer Sp i Hordaland. Eg kjenner meg nøgd, eg er glad og eg er sliten.
Valkamp er slitsomt. Fryyyktelig slitsomt, men ufatteli gøy!
Eg var heilt sikker på at me skulle få sendt ho (les Kjersti Toppe, 42 år, lege, 6-barnsmor og Bergenspolitikkar) på Tinget. Heilt fram til nokre få dagar før valdagen. Då vart eg nærvøs. Frykteleg nervøs. Som i at eg tenkte med meg sjølv at dersom ho ikkje kjem på tinget går eg og legg meg og blir der for godt. Eg slapp heldigvis å ligge på meg liggesår.
Valkamp er rørande. Eg har aldri vore så emosjonell før, som det eg har vore under valkampen. Eg grein av kattungar på tv, eg grein av gode lesarinnlegg, eg grein av skryt av Kjersti, eg grein av skryt av meg, eg grein av at familien min er kjekk, eg grein av senterpartistar på stand og eg kunne ramsa opp i det vide og det breie, men eg trur eg sluttar der...Eg grin framleis...kjem eg nokon gong til å verte normal att?
Men kjekt var det...Gledar meg allereie til neste gong.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar