Kjærasten min er samlar.Han elskar å kjøpe ting som ikkje er nyttige på nokon som hels slags måte. Brynje, indianarfjøyr, sabel med bilder frå Geiranger og radio forma som ei heiniken ølboks er nokre få av veldig mange dømer på ting han har samla opp. I tillegg ventar han på at dvd-teknologien skal svikte, og må difor behalde alle 237 vhs-filmane sine.
Eg har ikkje så mykje slikt, men eg likar ikkje kaste ting. For tenk vist eg ein eller annan gong, om veldi lenge kjem til å trenge det. Skal vedde på at om eg kastar ein dei 70 toppane eg har liggande og ikkje brukar, kjem det til å vere nett den ej absolutt skulle hatt ein gong i framtida.
Kristian sin leiligheit er 70 kvadrat og full. Leiligheita mi er 26 kvadrat og er full nok med ting til å fylle ei 70 kvadrats leiligheit.
Vi berre må bygge hus vi :P
Ps: Eg er veld glad i kjærasten min!
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar