Vakna i dagtidleg av vekkarklokka, men det var berre så vidt. Trøtt, trøttare, trøttast! Og eg veit kvifor. Eg er ikkje så ung som eg ein gong var.
Søndagsmorgon kom eg tassande heim i 7-tida utan stemme og gongsperre i heile kroppen, etter eit fantastisk julebord med vennar. Nydeleg kalkun, noko godt i koppen, høg allsongfaktor og jenka saman med gjengen er nokre få stikkord, og oppskrifta på ein perfekt kveld :)
På veg til jobb idag var det derimot ikkje så perfekt. Plutseleg meg full styrke slo det meg at om 2 månedar skal eg flytte frå gjengen som eg er så glad i, vennane mine, svigerinna mi og broren min vert att i Bergen når eg flyttar heim. Så gråt eg ein liten skvett der og då, på veg til jobb blandt fult av andre på veg til jobb. På jobb gråt eg ein liten skvett til. Stakkars Fredrik som jobbar saman med meg. Hehe....
Men det er godt å vere lei seg fordi ein har venner en er så glad i at ein ikkje vil reise frå dei :)
Dei har berre med å kome å besøke meg!
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar