torsdag 20. januar 2011

Endå ett nytt forsøk

Vell, kanskje har eg gjeve meg sjølv for mange sjansar til å vere bloggar, men eg gir det eit forsøk til. Grunnen til at eg har bestemt meg for dette er at det er store endringar på gang i mitt hektiske og rotete liv. Eg har nemmeleg sagt opp jobben min som fylkssekretær i Hordaland Senterparti, og vender no nasen heim til vakre Sunnmøre. Etter 8 år med utdanning å jobbing i storbyen Bergen, skal eg altså tilbake til heimbygda. Som den trufaste Senterpartisten eg er, set eg no politikken vår ut i praksis å reiser heim. Det er så vakkert!

Dette vert altså frå no av ein: Eg flyttar frå storbyen og heim til bygda etter 8 år og flyttar saman med ein ungkar på 33 som har budd alt for lenge aleine, og søker ny jobb blogg.

Dette er spennande! Det er trist og det er godt!

Eg held no på med oppseiingstida mi på 3 månedar. 1. april er datoen og eg gler meg!

Sånn, då er eg i gong at...så tek me det frå der : -)

1 kommentar:

  1. Velkommen heim Rebecca :-) kjekt å lese bloggen din :-) klem klem

    SvarSlett