fredag 21. januar 2011

Heime

Min kjære bror Joachim vert 30 den 10. februar. (Noko som betyr at eg held på å verte gammale, ettersom at eg berre er to år yngre enn han, men det er IKKJE det dette innlegget handlar om). Joachim er ikkje heime på bursdagen sin, så me skal feire det denne helga her. Stor overrsakelsesfest med så mange vener me har klart å skrape i hop.



Festen skal vere i Volda, noko eg er glad for ettersom at eg reiser heim så ofte eg kan. Og denne gongen vart det ekstra spesielt, ettersom at det er fyrste gongen eg er heime etter at eg sa opp jobben. Vanlegvis når eg er heime bur eg med mamma og pappa når Kristian ikkje er heime, men ikkje denne gongen. Ettersom at eg snart skal flytte hit likevel, kan eg like gjerne verte vand med å bu her.



Eg lurer på kor lang tid det kjem til å ta før eg kjem til å kjenne meg heime her? Sånn bortsett frå at soverom, gang og gjesterommet er pussa opp, stua er ombøblert og kjøkkenet har fått nye flisar og eg har fått meg eige skap både på soverom og badet er det framleis Kristian si leiligheit.

Værtfall syns eg det, men det spørs litt om det er det Kristian føler :P





Men eg trur at når badet er pussa opp....



Uansett, så gledar eg meg som en unge til at me skal bu i lag!


Ps: Dette innlegget var skrive på fredag, men då kunne ikkje eg legge det ut ettersom at Joachim ikkje kunne vite at eg var heime før festen var avvikla. Det vart ein veldi kjekk fest forresten :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar