søndag 3. april 2011

Innflytta

Fredag den 1.april flytta eg inn i Sidekroken 2 til Kristian og resten av livet. Kristian er på sjøen, så me har ikkje fått oppleve sambuarlivet enno, men på onsdag kjem han og då er me i gong! :) Men når eg seier at eg har flytta inn er det ei sanning med modifikasjonar. At eg har flytta inn er sant, men tinga mine derimot...Før Kristian reiste fekk me frakta det meste til Volda, og kasta det inn for døra. Det er no flytta inn på gjesterom, bod og gang og ligg veldig godt i kassene sine. Eg kom med siste lass på fredag. I dag er det søndag, og eg har framleis fått fingen ut og fått inn skiten. Skal snart, må berre......Det er rart med det. Etter eg kom att har eg rukke middag med gamlingane, fest med jentene, balljefest på bedehuset( ballj= raspeballer=komle=kompe), shopping, pizzakveld, sett nyehuset til lene og film. I dag er det sundag og pajeroen er framleis full med flyttelasset mitt. I dag skal eg bere det inn, etter at eg har....

1 kommentar:

  1. Velkommen heim :-D håpe på å få dej no når du he flytta heim :-) velkommen hit ogso e du :-D klem

    SvarSlett