søndag 27. mars 2011

Bursdag/avskjedsfest

No er det berre 5 dagar til 1.april og hasta lavista Bergen! Eg flyttar heim til kjærasten min, familien min og bygda mi og eg gledar meg verkeleg mykje :) Eg kjenner meg veldi klar og heldig. Ein epoke er over og ein ny byrjar. I går kveld avslutta eg Bergensepoken min med eit brak. Bursdag/avskjedsfest med 25 vener! Joachim og Marthe var så greie at dei lånte meg kåken sin, og eg var så heldig at 25 vener ville kome å feire at eg reiser heim. Det har i løpet av snart 8 år i Bergen samla seg opp ein del vener og sjølv om det er trist å reise frå dei, så er eg sikker på at dei kjem til vere venane mine vidare. Festen vart værtfall ein kjempesuksess, for min del værtfall, kor kjekt andre hadde det må dei nesten uttale seg om sjølv. Me dansa værtfall til ut på tidleg morgonkvist :) Eg veit ikkje om eg tørr for er her det ymse, men her er spelelista som eg vil påstå gjorde stor suksess. Det har vorte mykje snakk om kor rørte og emosjonell eg er i denne bloggen, men eg er emosjonell. Eg følte meg så sett pris på og elska og eg så glad og takknemmeleg for alle gode venene mine som er er så heldig å ha i livet mitt... Its not goodbye its au revoir!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar