torsdag 14. april 2011

Solgt

Eg har selt leiligheita mi. Gjekk litt i pluss til og med.Fekk ikkje i nærleiken så mykje som ho som selde ei akkurat lik leiligheit under meg ein månad før, men eg er nøgd. Trudde eg kom til å verte lei meg, og kanskje litt vemodig når leiligheita vart selde, men eg kjenner ingenting anna enn glede. Godt å vere kvitt skiten liksom...Ikkje det at den er skit, men for min del har den alltid vore ein stoppestad på veg til der eg er no. På Sunnmøre med min kjære i ei leiligheit som også er ein stoppestad. Viss eg verkar storforlangande no, så er det nok fordi eg er det :P Livet er fult av stoppestadar. Leiligheita mi i Bergen var eg er singel og uansvarleg og har berre meg sjøl å ta hennsyn til stoppestaden, leiligheita her i rystefeltet er eg og Kristian blir vande med å vere sambuarar stoppestaden og så får me sjå kvar det blir etter her. Uansett. Viste det at du må signere 374 ulike ting når du sel leiligheit...Eg kunne (eller ville ikkje) reise på signeringsmøte i Bergen ettersom at eg om uansett må nedover om 2 veker for å levere frå meg leiligheita. Dermed fekk eg det tyngste brevet i historien i posten i går. Brukte ein halv dag på å fylle ut å signere alt eg skulle, brukte resten av dagen og ein heil korrekturlack til å rette feil å signere på nytt. Opp med handa dei som trur at eg får eit nytt brev om nokre dagar! PS: i morgon er det påskeferie!!! jabbadabbadoooo!

1 kommentar:

  1. VELDIG BRA UNGE PENE DAME.......;)FLOTT DU GIKK I PLUSS OG...DU KAN DET DU;)JA,SIKKERT RART Å VERE SAMBOER,SOM DU SELV SKREV....SINGEL Å UANSVARLIG...DEN VAR NO LITT DRØY...MEN SINGEL VAR DU.TIL TIDER VERTFALL...HAHAHAH...DER FIKK DU DEN...MEN RART AT NO HAR BEGGE NANNYENE FLYTTET...DEEEEEEEEEEEEEEET E RART DET....MEN VI HELDE NO KONTAKTA VI...Å MASSE GODE MINNAR HE VI NO OGSÅ...;))MEN EG E KJEMPEGLADE DU HE FONNE NYTT STOPPESTED.DU SKAL VEL HA SLOTTET FØR DU GJER DEJ....KOTI KJØME DU TE NE MOR DÅ?HA EIN SUPER KVELD,Å HELS ALLE...GOD PÅSKE FORRESTEN,TE HEILA RISE FAMILY/MED MENN...;)VENNLEG HELSIN "MOR"

    SvarSlett