Kjærasten min er samlar.Han elskar å kjøpe ting som ikkje er nyttige på nokon som hels slags måte. Brynje, indianarfjøyr, sabel med bilder frå Geiranger og radio forma som ei heiniken ølboks er nokre få av veldig mange dømer på ting han har samla opp. I tillegg ventar han på at dvd-teknologien skal svikte, og må difor behalde alle 237 vhs-filmane sine.
Eg har ikkje så mykje slikt, men eg likar ikkje kaste ting. For tenk vist eg ein eller annan gong, om veldi lenge kjem til å trenge det. Skal vedde på at om eg kastar ein dei 70 toppane eg har liggande og ikkje brukar, kjem det til å vere nett den ej absolutt skulle hatt ein gong i framtida.
Kristian sin leiligheit er 70 kvadrat og full. Leiligheita mi er 26 kvadrat og er full nok med ting til å fylle ei 70 kvadrats leiligheit.
Vi berre må bygge hus vi :P
Ps: Eg er veld glad i kjærasten min!
tirsdag 22. februar 2011
søndag 20. februar 2011
Siste fylkesårsmøte
Har gått ei stund sida eg blogga sist no. Det har ikkje noko med alle dei stygge kommentarane eg får i kommentarfeltet, for eg har vell strengt talt ikkje fått så mange verken snilde eller stygge(hinthint!). Eg myste heller ikkje motivasjonen av at eg ikkje var ein av dei nominerte under BloggAwards. Eg har rett og slett hatt det for travelt. I tillegg til at eg har byrja med nedpakkinga av leiligheita har me hatt fylkesårsmøte i Hordaland Senterparti. Og det inneber MYKJE stress for en rotekopp som meg. Men det gjekk jammen bra i år og. Me hadde eit godt møte med gode politiske debattar, samt ein kjempe middag etterfulgt av strålande fest som nok kunne vore avslutta eit par timar tidlegare for min del, men som absolutt var verdt kvar ei skjelving på laurdagen :)
Møte vart avslutta med at fylkesleiar Steinulf takka meg av. Eg viste det kom til å gå gale i den augneblinken eg forsto kva hans skulle til med. Eg hadde ikkje kome opp på scena før tårene rann (og eg sat på fremste rad). Då han var ferdig å snakke å det var min tur hadde tårene gått over til høglytt hulking og tårer og snørr i fin miks. 130 mennesker i salen og eg i totalt samanbrot! Men eg fekk hulka fram nokre små ord om kor mykje eg har sett pris på dei og kor mykje eg kjem til å savne dei. For det gjer eg og det kjem eg til å gjere. Det er vanskeleg å hugse kvifor eg skal slutte i slike situasjonar. Heldigvis tok dei det med godt humør, og sj
ølv om eg ikkje framsto på mitt beste nett der og då, fekk eg ståande applaus.
For ein fin gjeng! Heia Hordaland Senterparti!
onsdag 2. februar 2011
Huskatalogar

Vell, sidan eg valgde mann ut i frå hustomta ( eg spøkar værtfall om det) , kan eg ikkje lyge frå meg at eg ikkje har byrja å drøyme om å bygge hus no når eg skal flytte heim for å verte vaksen. Å ja, eg måtte legge ut eit skrytebilete :)
Eg har bestilt ein haug med huskatalogar og kosar meg gløgg i hel me å sjå og drøyme.
Værtfall, huskatalogane er bestilde frå ulike husfirma eller kva det no heiter, og dei kom omtrent dagen etter eg hadde bestilt dei , noko som eg syns var ein svært så hyggeleg overraskelse. Det eg ikkje syns var ein like hyggelig overraskelse er at dersom du bestiller ein slik katalog får du oppfølgingstelefonar. Maaaange oppfølgingstelefonar!
I fleire veker no har eg brukt: Veit du kva, eg er på veg til eit møte og kan ikkje snakke akkurat no. Desverre var eg litt distrahert i dag når ein av dei ringde, og vi var komne langt ut i samtalen før eg innsåg kva mannen ville. Han ville vite kor langt eg og sambuaren min hadde kome i planane med nytt hus! Så måtte eg berre fortelle han det då, at vi har kome så langt at vi er eigentleg ikkje sambuarar, eg har bestilt huskatalogane på eigenhand og eg drøymer om eit fint hus med plass til eit kjempestort spisebord med plass til mange gjestar. Men kjærasten min har tomt altså! Hadde eg berre stoppa der. Før vi la på hadde eg fortalt kva eg jobbar som, kva Kristian jobbar som, kor mykje Kristian tenar, kor mykje eg tenar, at eg snart er arbeidslaus osv osv!
Han skal ringe meg oppatt i slutten av februar. Eg har ein misstanke om at han då ringer mest for å høyre om eg har fått meg jobb og om det går bra med den sjuke bestemora mi.
mandag 31. januar 2011
Emosjonell
Vakna i dagtidleg av vekkarklokka, men det var berre så vidt. Trøtt, trøttare, trøttast! Og eg veit kvifor. Eg er ikkje så ung som eg ein gong var.
Søndagsmorgon kom eg tassande heim i 7-tida utan stemme og gongsperre i heile kroppen, etter eit fantastisk julebord med vennar. Nydeleg kalkun, noko godt i koppen, høg allsongfaktor og jenka saman med gjengen er nokre få stikkord, og oppskrifta på ein perfekt kveld :)
På veg til jobb idag var det derimot ikkje så perfekt. Plutseleg meg full styrke slo det meg at om 2 månedar skal eg flytte frå gjengen som eg er så glad i, vennane mine, svigerinna mi og broren min vert att i Bergen når eg flyttar heim. Så gråt eg ein liten skvett der og då, på veg til jobb blandt fult av andre på veg til jobb. På jobb gråt eg ein liten skvett til. Stakkars Fredrik som jobbar saman med meg. Hehe....
Men det er godt å vere lei seg fordi ein har venner en er så glad i at ein ikkje vil reise frå dei :)
Dei har berre med å kome å besøke meg!

onsdag 26. januar 2011
Kjærleikssorg
Veit eg allereie har blogga i dag, og at eg ikkje har vore toppsjef (sjølv om eg til tider føler meg som det : ) ),men likevel så syns eg at dette innlegget var litt treffande.
Eg har vore veldi dedikert, og er veldi dedikert. Kanskje litt for mykje. Vart nokre tårer då eg skulle sende ut e-post til alle dei flotte folka eg har hatt med å gjere, og endå fleire blir det nok når eg reiser på ordentleg.
http://e24.no/jobb/article4007021.ece

Leiligheit
Eg har bestemt meg for å selje leiligheita mi. Etter 3 og eit halv år i mine 26 fantastiske kvadrat, skal dei no verte nokon andre sine.
Eg lurte på om eg skulle leige den ut. Hadde i grunnen bestemt meg for å leige den ut, så bestemte eg meg for å selge den, for så å bestemme meg for å leige den ut igjen. Men no har eg verkeleg bestemt meg for å selle den.
Det er det 2 grunnar til :
1: Mora mi sa noko lurt
"Det er noko med å gjere livet sitt so enkelt som mogleg vennen min!".
Tanken på kor deilig det vert å ikkje måtte tenke på leigebuarane i Bergen som raserer leiligheita mi, vart rett og slett for fristande
2: Leiligheita under meg vart nettopp selt til rekordpris i huset
Den siste treng vell ikkje forklaring.
Poenget er værtfall at dette er rett tidspunkt både for meg og husmarknaden til å selje.
Opp med handa dei som vil kjøpe 26 fantastiske kvadrat på Danmarksplass!

fredag 21. januar 2011
Heime
Min kjære bror Joachim vert 30 den 10. februar. (Noko som betyr at eg held på å verte gammale, ettersom at eg berre er to år yngre enn han, men det er IKKJE det dette innlegget handlar om). Joachim er ikkje heime på bursdagen sin, så me skal feire det denne helga her. Stor overrsakelsesfest med så mange vener me har klart å skrape i hop.
Festen skal vere i Volda, noko eg er glad for ettersom at eg reiser heim så ofte eg kan. Og denne gongen vart det ekstra spesielt, ettersom at det er fyrste gongen eg er heime etter at eg sa opp jobben. Vanlegvis når eg er heime bur eg med mamma og pappa når Kristian ikkje er heime, men ikkje denne gongen. Ettersom at eg snart skal flytte hit likevel, kan eg like gjerne verte vand med å bu her.
Eg lurer på kor lang tid det kjem til å ta før eg kjem til å kjenne meg heime her? Sånn bortsett frå at soverom, gang og gjesterommet er pussa opp, stua er ombøblert og kjøkkenet har fått nye flisar og eg har fått meg eige skap både på soverom og badet er det framleis Kristian si leiligheit.
Værtfall syns eg det, men det spørs litt om det er det Kristian føler :P
Men eg trur at når badet er pussa opp....
Uansett, så gledar eg meg som en unge til at me skal bu i lag!
Ps: Dette innlegget var skrive på fredag, men då kunne ikkje eg legge det ut ettersom at Joachim ikkje kunne vite at eg var heime før festen var avvikla. Det vart ein veldi kjekk fest forresten :)

Abonner på:
Innlegg (Atom)